Om Cathrine

Kunstnarprofil
Lagar unike smykker i sølv og gull, inspirert av naturens kontrastar, villhet og råhet.
“Eg leitar fram skjønnheten og harmonien i det uorganiserte.”
Essensen av arbeidet mitt er prega av den ville og kontrastrike naturen på vestlandet, med fjordar, fjell, skog og sjø. Desse minna frå barndomen sat sterkare i meg i dei 13 åra eg har vore utanlands. Eg har derfor vore særs opptatt av det magiske i naturen, skildra på at ein kan sjå alt ein vil i dei uorganiserte mønstra.
Smykkene eg lagar gjenspeglar dette. Eg oppfordrer deg til å sjå det du vil i smykkene, og vete at det inntrykket eller uttrykket du får er det rette.
Dette er og grunnen til at eg elskar å lage individuelle smykker, som får fram noko nytt og unikt kvar gong gjennom den individuelle skapingsprosessen. Frå den enkle byrjinga til den ferdige glans.


Forretningsprofil
Gullsmed og smykkedesigner Cathrine Bysheim spesialiserer seg i unike smykker og anna småarbeid i sølv og gull med ein naturlig og rå personlighet. Du kan velge frå kolleksjonane, eller bestille ditt eige verk. Tar spesielt også i mot bestillingar på gifteringar og forlovelses ringar (samt andre gøye eller finurlige ting).
Historikk
Cathrine mottok svennebrev som gullsmed i 1998, og flytta då til England der ho fullførte BA (hons) i Silversmithing, Goldsmithing and Jewellery Design i 2001.

I 2004 starta ho enkeltpersonsforetak i London, ved hjelp av Prince’s Trust. I 2007
mottok Cathrine ‘The enterprise award’ for London, noko som fulgte til at ho vart invitert til å møta Prince Charles på 25 års jubileet for ‘Prince’s Trust Business Program’ (sjå bilete under).
I 2008 flytta Cathrine med verktøy og alt utstyr til Australia, der ho fortsatte å lage smykker i ei retro, lilla campingvogn. Etter 3 år bestemte ho seg for å ta turen tilbake til utgangspunktet.
I 2011 flytta ho derfor tilbake til Noreg og etablerer seg her, med ein fersk start og ser fram til nye eventyr og kreative utfoldelsar.